Gauper
Gauper er rovdyr som jaktast på i Aust-Agder. På 1990-talet vart det innført kvoteregulering på gaupejakta og i 2000 og 2001 var gaupa freda. Kommunevåpenet i Bygland har ei gaupe som motiv. Gaupa som står i glassmonter på kommunehuset i Bygland, vart teken i fotsnare på Lauvdal tidleg på 1980-talet. Gaupa som står i glasmonter på Bygland skule, er den fyrste gaupa i Bygland kommune i nyare tid. Anne Haugen oppdaga gaupa, som var ihelkøyrd, i grøfta på Riksveg 9 ved Storestraumen tidleg på 1980-talet. Då hadde ein ikkje sett gaupe i Bygland på over 60 år.
Gaupejakta i 2010
I tillegg til kommunane i Aust-Agder høyrer også Drangedal, Kragerø, Nissedal og Fyresdal i Telemark til same jaktområdet. I 2010 hadde dette området ein jaktkvote på 4 dyr. Tidleg i jaktperioden vart det felt ei vaksen hogaupe i Drangedal og ei ung hanngaupe i Fyresdal. Tysdag 16. februar 2010 skaut Einar Holen og Kjell Johnny Lundtveit dei to siste gaupene i Bygland for denne jaktsesongen. Like etter kunngjorde fylkesmannen i Aust-Agder at gaupejakta 2010 var avslutta.
Gaupejegarar
Det er skote over 20 gauper i Bygland etter at det vart lov å jakte på gaupe. Kjell Johnny Lundtveit har skote 5, Einar Holen 3, Arne Sandnes, Gunnar Haugå og Knut Hårklau 2 kvar. Desse har skote ei gaupe kvar: Alvik Klungland, Roald Klungland, Svein Helge Nomeland, Pål Olsen, Nils Børge Kile, Knut O. Sandnes og Alfred Moseid.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Felte to gauper på same dagen i Bygland. Artikkel i Setesdølen nr. 18, 2010 side 8
- Sigurd Haugsgjerd: Det er skote over 20 gauper i Bygland. Artikkel i Setesdølennr. 18, 2010 side 8