Grautkupte
Utsjånad
Grautkupte er ei trøye i vadmål som vert brukt som jakke av både menn og kvinner. Etter tradisjonen kunne menn ha grautkupta både i og utanpå buksa. Jakka har enkelt broderi, som oftast antikk løyesaum og ei eller fleire hekter.
Kurs
År om anna skipar ein kurs for å lære folk å sy grautkupte. Bygland husflidslag skipa til kurs for åtte deltakarar over åtte kveldar frå slutten av januar 2011 på Bygland skule med Solveig Ose som lærar.
Kjelde
- Lag di eiga grautkupte Artikkel i Setesdølen nr. 1, 2011 side 3