Folkemusikkprosjektet i Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2010 kl. 10:48 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (aktivitetar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkemusikkprosjektet i Setesdal er eit rekrutteringsprosjekt som skal arbeide for å få opp interessa for folkemusikk og folkedans i Setesdal. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre Setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle. Setesdal Regionråd og Aust-Agder fylkesskommune. er også med i prosjektet. Trond Mikkelsen er prosjektleiar. Han held til i Valle.

Aktivitetar i kommunane

  • Trine Merete Sjølyst og Erlend Viken besøkte skulane Byglandsfjord, Bygland, Hylestad og Valle og leikarringane i Bykle og Valle med kurs i folkedans i november 2010.
  • Jolefest for leikarringane i Setesdal på Bykle Samfunnshus 15. desember 2010 kl 1700-1900. Graut, dans og felespel.

Bygland

Valle

  • Munnharpekurs med Sigurd Brokke for elevar i 10. klasse på Valle skule tre fredagar hausten 2010.
  • Kurs i kveding med Kirsten Bråten Berg våren 2011 for elevar i 10. klasse på Valle skule.
  • Rygnestadprosjektet er foreløpig på idèstadiet. Ideen er å dramatisera Vonde Åsmunds tilbakekomst til Rygnestad etter mange år i utlandet.

Bykle

Eksterne lenker