Eivind S. Berg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2012 kl. 23:02 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Eivind S. Berg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eivind Sigurdsson Berg (1892-1983) budde i Berg i Valle. Han var bonde, urmakar og rosemålar og hadde lært å spele fele av Knut Jonsson Heddi. Han vart med i Frikyrkja i Valle frå tidleg i 1920-åra, då det gjekk ei stor vekking over Valle, og då Frikyrkja i Valle vart skipa. Frå då av reiste han rundt som forkynnar i bygdene på Agder.

Det var særleg songen til eige akkompagnement av hardingfele som gjorde Eivind S. Berg kjend. Før hans tid var det utenkjeleg å setje saman hardingfela og salmesong. Med si gode songrøyst vart han mykje brukt på møte rundt om. Frå 1950-åra gjorde NRK fleire opptak med Eivind S. Berg. Desse vart ofte sende i folkemusikkprogram i NRK.

Dikt

Diskografi

Fleire av opptaka frå NRK vart samla på kassetten Kom regn av det høie, som Valle kulturstyre gav ut i 1988 med støtte av Valle Sparebank og Valle kommune.

Kjelde

Opplysningar på kassettomslaget til kassetten Kom regn fra det høie.