Onsdagsprogram Valle Radio 20101110

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. november 2010 kl. 21:02 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kommunen informerer ferdig)
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagsprogram Valle Radio 20101110 var programmet i Valle Radio onsdag 10. november 2010.

Program

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft og Malmfrid Nyborg Homme
18.00 Aktuell time
  • Gjester: Åse Rike, Torunn Charlotte Nyberg Lund og Wenche Tangene
  • Song: Velbegavet av Niels Hausgard
  • Åse Rike på telefonen. Kvinneforeninane Fjellblomen og Regnbogen steller til jolemesse for Normisjon i Valle 27. november 2010. Denne messa er nr. 29 i rekkefylgje.
  • Musikk
  • Intervju med Torunn Charlotte Nyberg Lund om felles 17.-maifeiring i kommunen. Torunn var leiar for 17. mai-komiteen i Valle i fjor og har sjølv erfaring, som forelder til 8. klasse. Rådmannen har bede henne sjå på om det er mogleg å ha felles markering. Ho bed om innspel til saka, ikkje ja eller nei-svar. Kan ein ha det annankvart år på kvar plass? Også i andre kommunar har ein denne problematikken. Frist for å kome med innspel er 19. november.
  • Musikk: Crying times med Connie Francis
  • Samtale med Wenche Tangene om Helseprosjekt Setesdal.
  • Musikk: I'm free med Gaither Homecoming Project
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19-30 Kommunen informerer ved Frode Verpe, konstituert leder for Helseavdelinga i Valle kommune og August Gillebo, turnuskandidat i Valle kommune. Første delen hadde Frode Verpe ordet
  • Frist for å søke om TT-kort.
  • Styrketrening i gymsalen Hylestad skule. Liv Lofthus, pedagogisk leder på Setesdalsmuseet, leiar treninga
  • Gudsteneste i Hylestad kyrkje med minning av dei døde. Middag etterpå på Soknehuset.
  • Trond Mikkelsen informerer om ein folkemusikk-konsert-turne til skulane.
  • Helseteneste-avdelinga dekker legekontoret, helsesøster, fysioterapi, jordmor og psykiatri.
  • Musikk: Kirsten Bråten Berg: Blåmann, Blåmann.
  • Samtale med Gillebo om korleis det er å vere turnuskandidat. Når han er ferdig med jobben i Valle vil han til Arendal og prøve å få jobb på sjukehuset der. Han trivest i Valle, sjølv om det er annleis enn på større stader, for her treffer han pasienter overalt.
  • Helsestasjon for ungdom er annankvar tysdag frå 16-18 for ungdom opp til 20 år. Normalt er det helsesøster som står for helsestasjonen, men helsesøster Monique er ute i praksis.
  • Influensavaksine er komen, det er nok av vaksine i kommunen. Prisen er 60 kroner.
  • Håndhygiene er viktig for å unngå smitte. I fjor var det mindre influensa enn nokon gong før. I tillegg til vaksine var håndhygiene i sterkt fokus, og det hadde heilt klart ein effekt.
  • Musikk: Riding with the king med Eric Clapton og BB King
20.00 Bjørgulvs time med gjester
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike


Sjå også


Eksterne lenker