Stampehuset
Stampehuset var ein liten husmannsplass utan jord like ovanfor Nordenåbrua, på ei lita flate nokre få meter vest for Hovassåni, under garden Nordenå i Åraksbø i Bygland. Her var folk frå 1850 til 1881.
Familien i Stampehuset var Gunni Tallakson Haslebakken (f. 1814, d. 1860) og Birgit Nilsdotter Lidtveit (f. 1820) og borna deira. Gunni var son til den kjende spelemannen Tallak Haslebakken. Birgit var den andre kona til Gunni. Ho blei tidleg enke. Tilhøva i Stampehuset må ha vore svært enkle. Birgit skal ha reist rundt både i Noreg og utlandet for å selje dukker i Setesdalsdrakt for å skaffe inntekter til familien.
Borna Tone (f. 1851) og Nils (f. 1859, d. 1886) var dei siste som budde i Stampehuset. Dei skal ha reist frå staden før jul i 1881 til mora BIrgit som då heldt til i Farsund eller Egersund. Etter det veit ein ikkje om at det har budd folk i Stampehuset.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 348–351
- Geir Daasvatn m.fl., HOvassåna – krafta i elva, utgjeve av Geir Daasvatn Foto & Forlag, 2025, side 127