Hopp til innhald

Gangseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2026 kl. 15:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss)

Gangseid er ein tidlegare husmannsplass øvst oppe på Harstad, opp mot Brottveit, i Valle. Det er ikkje lenger hus på staden. Den gamle Ålmannvegen gjekk over Gangseid.

Ånund Torleivsson Åkre (f. 1800, d. 1861) fekk husmannssetel på plassen av broren Bjug Torleivsson Åkre (f. 1789, d. 1858) i 1830. Ånund og kona Torbjørg Kjetilsdotter Harstad (f. 1810, d. 1894) drog avgarde til Amerika i 1861 saman med dei fleste av borna. Nokre av dei hadde då reist føre. Det gjekk seinare godt for borna, men Ånund døydde kort tid etter at dei kom til Amerika.

Kjelder