Hopp til innhald

Astrid Moi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. desember 2024 kl. 23:45 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (oppdatert ifm død)
Astrid Moi
Født: 9. april 1935
Død: 11. desember 2024 (89 år)

Astrid Moi (fødd 9. april 1935 i Hornnes) bur på Byglandsfjord. Ho gjekk på Hornnes landsgymnas. Seinare hadde ho eit variert yrkesliv. Ho hadde ikkje lærarutdanning, men vikarierte i 1950- og 1960-åra på dei fleste skulane i Bygland i tilsaman 11 år. I 1970-åra var ho hjelpepleiar på Byglandsheimen. I 1978 kom ho over i likningsetaten. Ho var i den etaten i Bygland til 1989. Då flytta ho til Narvik, og blei verande der i tre år. I eit avbrot der tok ho Skatteetatskulen i Bergen. Frå Narvik flytta ho først til Birkeland og til slutt til Bykle. Der var ho likningssjef til ho gjekk av med pensjon i 1998.

Astrid Moi har vore engasjert i lokalpolitikken. Då Magnhild Rygg var ordførar i Bygland, var det fire kvinner og ein mann i formannskapet. Astrid representerte Arbeiderpartiet.

Astrid var gift med Hallvard Frøysnes. Dei skilde lag i 1984. Dei har barna Vidar Frøysnes, Torjus Moi Frøysnes, Sigrun Frøysnes Flaa og Aslaug Moi Frøysnes. Foreldra hennar var Torjus Salveson Moi og Aslaug Torsdotter Moi (fødd Ljosland).

Kjelder