Auglandskleiva

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. august 2024 kl. 08:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Auglandskleiva var ein bratt og farleg bakke i lia mellom Brannretsheia og Otra, på Augland i Torridal, på den første køyrevegen nordover frå Kristiansand til Mosby. Vegen her blei bygd i 1794, og var i bruk til 1861. Kleiva var såleis ein del av byvegen til setesdølane i fleire årtider.

Kleiva er mykje attgrodd. Men ein kan framleis følge delar av vegen her, på oppsida av den svære fjellskjeringa noko nord for Auglandsdalen bruRiksveg 9.

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker

Kart