Per Emanuelsen
Utsjånad
Per Emanuelsen (fødd 1951) er utdanna sjukepleiar og diakon. Han var landets fyrste prostidiakon då han i september 1984 vart tilsett i stilling i Vest-Telemark prosti. Han vart vigsla til tenesta i Nissedal kyrkje 10. januar 1985. Dette var eit forsøksprosjekt som gjekk til 1990, då ordninga vart permanent. Diakon Eiliv Erikstein overtok stillinga frå 1991. Frå 1991 var Per Emanuelsen tilsett som leiar for «Kontaktsenteret i Kristiansand», eit dagtilbod for menneske med psykiske problem. Frå 1995 var han og leiar for «Pårørendeprosjektet i Vest-Agder». Sidan vart han prostidiakon i Otredal prosti.
Eksterne lenker
- Erfaringer med pårørendegrupper i Vest-Agder. Artikkel i Suicidologi nr. 2, 2000
- Vi som lever oppi desse berg av Oscar J. Garnes, leiar av prostidiakonatet i Vest-Telemark.