Ytre Skjerkevatn
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Øvre Skjerkevatn er eit regulert vatn på heia vest for Ørevatn i Åseral. Vatnet er inntaksmagasin for Skjerka kraftverk. Frå 2016 til 2018 vart det bygt ein ny steinfyllingsdam ved vatnet. Han er om lag 60 meter høg, og erstattar den tidlegare betongdammen med høgde ca. 30 meter. Då Dam Skjerkevatn var ferdig, vart vannflata i Skjerkevatn heva 23 meter. Øvre Skjerkevatn og Nåvatn vart eitt stort magasin for kraftverket.
Ut av Skjerkevatn og nedover fjellsida til Ørevatn renn elva Skjerka.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Om skrivemåten til Øvre Skjerkevatn hos Statens Kartverk
- Om ny dam ved Øvre Skjerkevatn på nrk.no