Nordtveiti (Bykle gnr 11 bnr 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. februar 2021 kl. 15:20 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordtveiti 27. desember 2019.

Nordtveiti er eit gardsbruk (gnr 11 bnr 2) i garden Tveiti i Nordbygdi i Bykle. Bruket omfattar i alt fire teigar med eit samla areal på 3478 mål. I tillegg kjem ein part bruket har i det store fjellområdet som ligg i sameige mellom Tveiti- og Neslandgardane. Det er ikkje fast busetnad på bruket i dag.

Historie

I øydetida etter Svartedauden var det truleg bare eitt bruk i Tveiti. Rundt 1645 blei Nordtveiti skild frå hovudbølet. Den opphavelege garden fekk då namnet Heimtveiti, og bruket lenger vest blei Nordtveiti etter talemåten i Bykle.

Då oppdemminga av Botsvatn nærma seg, måtte Nordtveiti fråflyttast. Det skjedde i 1969. Dei siste som dreiv garden var Ånund T. Tveiten (f. 1918, d. 2001) og Margit K. Tveiten (f. Nesland, 1925). I dag er Nordtveiti eit sameige mellom fire av borna deira.

Kjelder

Kart

Laster kart ...