Ålmannvegen
Ålmannvegen var ein enkel rideveg som vart avløyst av kjerreveg frå Valle til Bykle gamle kyrkje i 1879, vidare til Hoslemo i 1904, og køyreveg frå Berdalsbru til Hovden rundt 1930.
Før køyrevegen til Hovden kom, gjekk Ålmannvegen opp Hoslemogardane og til Dalen, med bru over Løyningsåne og vidare til Ørnefjell. Derfrå gjekk han til Hartevatn, og på vestsida av Hartevatn til Breive og Hovden.
Kjelder
- Kulturminneplan Bykle 2016-2019, side 12