Kvinen
Kvinen er ein gard (gnr. 20) ved Kvifjorden, i fjellheimen aust for Tjørhom, nord-aust i Sirdal, inn mot grensa til Bygland. I samband med kraftutbygging i slutten av 1960-åra blei Kvifjorden demt opp, og Kvinen gard blei delvis sett under vatn. Einar Kvinen og kona Gerd Kvinen, som dreiv garden, måtte då flytte frå staden. Dei busette seg i Solheimsdalen.
Den første personen ein sikkert veit har budd på Kvinen er Jørgen Olsen Ousdal. Han var på Kvinen rundt 1742-1743.
På garden sin grunn ligg Kvinen turiststasjon. Alt i 1901 blei den første turiststasjonen etablert her.
Kjelder
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 54-55
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, utgjeve av Sirdal kommune, 1980, side 624-647