Hekni kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2012 kl. 11:41 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Hekni kraftverk)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hekni kraftverk ligg i Otra lengst nord i Bygland kommune. Det nyttar eit fall på 38,5 meter frå ein dam ved Tjurrmo i Valle kommune. Samla effekt er 56 MW og midlere årsproduksjon er på 230 GWh. Produksjonen starta i 1995. Tunnelen frå dammen til kraftverket har eit tverrsnitt på 115 m². I kraftverket står to kaplanturbinar, turbinar som vert brukte når det er liten fallhøgde og stor vassmengd.

Agder Energi og Skagerak Kraft eig Hekni kraftverk, som regulerer Otra, der Otteraaens Brugseierforening er reguleringsansvarleg.

Av estetiske grunnar og av omsyn til blekebestanden er det sett ei minstevassføring frå Tjurrmodammen på 5,0 m³/s i sommarhalvåret og 3,0 m³/s resten av året. I tillegg kan Fylkesmannen krevje at det sleppast inntil 10 millionar m³ vatn årleg for å betre miljøforholda nedstrøms dammen.

Kjelder