Glåmsheii

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. september 2012 kl. 23:24 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Glåmsheii''' ligg i Setesdal austhei, nord-aust for Hylestad, og sør for Ljomsnuten. Glåmsheii vert og omtala som ''Glåmen''. Frå Hovet fører ein skogsbilveg e...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Glåmsheii ligg i Setesdal austhei, nord-aust for Hylestad, og sør for Ljomsnuten. Glåmsheii vert og omtala som Glåmen.

Frå Hovet fører ein skogsbilveg eit godt stykke inn i heia, men for å finna greiast veg vidare bør ein rådføre seg med lokalkjende folk. Frå Gjerdestøyl og Vindsåsen kan ein fylgje ein sti mot Fiskevatn. Vidare mot toppen må ein belage seg på å finna eigen veg. Det er fleire nokså jamnhøge toppar oppe på Glåmsheii, alle med ein framifrå utsikt horisonten rundt. Høgaste staden er på 1224 moh.

-å glåme- tyder å sjå seg rundt frå ein utsiktsstad.

Kjelder

Kart

Laster kart ...