Leif Fjerdingstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. juli 2017 kl. 11:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort tilf. om bosted)
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Fjerdingstad
Født: 15. mars 1949 (77 år)

Leif Kristian Fjerdingstad (fødd 1949) er ein tidlegare politimann og sjef for Utrykningspolitiet i Rogaland og Agder. Han pensjonerte seg frå politiet for fleire år sidan. Han bur på Fennefoss i Hornnes saman med kona Anne Grethe Fjerdingstad.

Opphaveleg kjem Leif Fjerdingstad frå Hokksund, men etter politiskulen kom han til Kristiansand i 1976. I 1990 vart han lensmannsbetjent på Evje. Der var han ikkje lenge, for i 1992 fekk han stillinga som sjef for UP i Rogaland og Agder i konkurranse med 40 andre søkjarar. Då hadde han vore opptatt av trafikkspørsmål lenge og vore distriktssekretær i Trygg Trafikk.

Fjerdingstad var leiar i Otra IL i 1991-1994. Han var leiar i handballgruppa i 1972. Han var leiar for hovudkomitèen for LandsskyttarstemnetEvjemoen i 2009 og for landbruksmessa NaturligvisEvjemoen. Han har også vore områdesjef og seinare avsnittsjef i Heimevernet.

Kjelder

Eksterne lenker