Eventyr frå Setesdal
Eventyr frå Setesdal er ei attgjeving av Johannes Skar sine eventyr frå Gamalt or Sætesdal, kombinert med ein tekst omsett til meir moderne nynorsk. Teksten frå Gamalt or Sætesdal er henta frå utgevinga til Lokalhistorisk forlag (1997), som er ei direkte attgjeving av teksten i Samlaget si utgåve frå 1963. Teksta og illustrasjonane frå 1963-utgåva står på venstre side, og på høgre side teksta omfortald til nynorsk slik det blir skrive no. Den nye teksta har og fått ein del heilt nye illustrasjonar. Utgjevar er Bygland Mållag. Knut P. Sandnes, Magnhild Rygg og Knut A. Austad sat i boknemda som hadde ansvar for å få boka ferdig. Biletredaksjon var Magnhild Rygg, Mari Rygg og Siri Johannessen. Boka er trykt hos Setesdalstrykk, Evje. Innbindinga er utført av Bokbinderiet Johnsen AS, Skien. ISBN 978-82-690939-0-2. Pris: 260 kroner.
Omforteljarar
Dei som har skrive om dei gamle eventyra til eit meir moderne nynorsk er Anne Bakke, Knut K. Homme, Sigrid Bakke, Sigrid Åsen Haugsgjerd, Sissel Åkre og Tonje Kallhovd
Nye illustrasjonar
Dei som har bidrege med nye illustrasonar til boka er Anne Bakke, Anne Elisabeth Nitteberg, Gertrude Streit, Grete Swahn, Ingveig Synnøve Strømstad, Marit Simonstad Kvaale, Mona Ida Håvorstad Frøysnes, Olaug Åsen og Olav Bjørgum.
Gode hjelparar
Alle dei fire kommunane i Setesdal har støtta prosjektet økonomisk. Det same har Evje og Hornnes Sparebank, Sparebanken Sør, Valle Sparebank, Mållaga på Agder og Neset Camping.
Kjelder
- Boka