Hopp til innhald

Skjoldmøynuten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. oktober 2017 kl. 16:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Skjoldmøynuten)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Skjoldmøynuten er eit fjell (654 moh.) mellom Frøysnes og Ose, sør for Reiårsfossen, på vestsida av Åraksfjorden, i Bygland. To skjoldmøyer skal ha vist seg på toppen av fjellet under ei messe i Austad kyrkje, på andre sida av fjorden. Skjoldmøyene spelte så vent at heile kyrkjelyden gjekk frå gudstenesta og ut for å høyre dei spele i lurane sine.

Eit anna segn seier at det var sju skjoldmøyer. Då presten fekk sjå dei på toppen av fjellet lyste han dei i bann, og dei blei til stein. I følge dette segnet er heile «fjellrekka» mellom Frøysnes og Reiårsfossen dei sju skjoldmøyane som står der forsteina.

Kjelder