Leif Fjerdingstad
| Leif Fjerdingstad | ||
|---|---|---|
Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 15. mars 1949 (77 år) | |
Leif Kristian Fjerdingstad (fødd 1949) er ein tidlegare politimann og sjef for Utrykningspolitiet i Rogaland og Agder. Han pensjonerte seg frå politiet for fleire år sidan. Han bur på Fennefoss saman med kona Anne Grethe Fjerdingstad.
Opphaveleg kjem Leif Fjerdingstad frå Hokksund, men etter politiskulen kom han til Kristiansand i 1976. I 1990 vart han lensmannsbetjent på Evje. Der var han ikkje lenge, for i 1992 fekk han stillinga som sjef for UP i Rogaland og Agder i konkurranse med 40 andre søkjarar. Då hadde han vore opptatt av trafikkspørsmål lenge og vore distriktssekretær i Trygg Trafikk.
Fjerdingstad var leiar i Otra IL i 1991-1994. Han var leiar i handballgruppa i 1972. Han var leiar for hovudkomitèen for Landsskyttarstemnet på Evjemoen i 2009 og for landbruksmessa Naturligvis på Evjemoen. Han har også vore områdesjef og seinare avsnittsjef i Heimevernet.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok, utgjeve av Otra IL, 2010
- Fjerdingstad ny UP-sjef på Sørlandet. Artikkel i Setesdølen nr. 14, 1992 side 16