Berdalsbru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. august 2016 kl. 09:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten presisering av bruhistorien)
Hopp til navigering Hopp til søk

Berdalsbru er ei grend i Bykle. Ho har namn etter Berdalsbru over Otra, og ligg på vestsida av elva, mellom Hoslemo og Berdalen. Det er ei lita bygd, med nokre få bustader på eigedomar utskilde frå Hoslemogardane. Hoslemo bedehus ligg ved Berdalsbru.

Ved Berdalsbru går det veg vestover ca. 4 kilometer til dei svære Vatnedalsdammane.

Historie

I slutten av april 1940 blei den flotte steinkvelvbrua over Otra ved Berdalsbru sprengd av norske motstandsfolk. Tyskerane fekk til ei mellombels bru, inntil ein fekk bygd opp ei ny bru av tømmer. Dagens bru er frå 1962.

Kjelder

Kart

Laster kart ...