Ose tinglag
Ose tinglag var eitt av tre tinglag i Vestre Råbyggelag skrivardøme.
Sorenskrivaren var administrator av bygdetinga. Han reiste rundt og heldt ting på ulike stader. Til vanleg blei tinget halde i lensmannsgarden. I Bygland budde lensmannen på Ose i lange tider. Ose tinglag blei derfor det offisielle namnet på Bygland som juridisk embetsdistrikt. I 1884 blei namnet endra til Bygland tinglag.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 10