Hopp til innhald

Klemet Syrtveit Aaneland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. desember 2016 kl. 21:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Foreldre og ungdomstid)
Klemet Syrtveit Aaneland
Født: 22. juni 1829
Død: 20. august 1898 (69 år)

Klemet Gunnufsen Syrtveit Aaneland (fødd 22. juni 1829, død 20. august 1898) var lærar og kyrkjesongar i Evje. Han blei tilsett som lærar i skulen i Evje i 1845, og stod i posten til han fekk eit slagtilfelle i 1898 og måtte gje seg i yrket. Han var altså lærar i Evje i om lag 53 år.

Foreldra til Klemet var Gunnulv Halvorsen (fødd 1764) og Ragnhild Clemetsdatter Syrtveit (fødd 1793). Gunnulv var bonde på Syrtveit. Klemet var hjuring (gjetargut) då han var liten. Då han var 15 år og konfirmert, blei han tilkalt av presten Knutzon som ville ha han til å vere skulemeister. Same vinteren gjekk han i skule hos ein lærar i Kristiansand. Då han kom heim att, blei han så lærar i Evje.[1]

Kjelder

Referansar