Nedre slamdam
[[Fil:Nedre slamdam Flåt 311016 (2).JPG|miniatyr|høyre|Det er svære dimensjonar over steinfyllinga. [[Byline|Geir Daasvatn}}]] Nedre slamdam (Jokeliddammen) er eit deponi for slam frå flotasjonsanlegget ved Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje. Han blei bygd i 1933. Då hadde gruva først bygd Øvre slamdam i 1930. Men det synte seg fort at den dammen blei for liten til å halde inne alt slammet. Dammen blei bygd av stein som var plukka ut som gråfjell av jentene på Reima oppe i gruva. På innsida av støttemuren blei det lagt opp eit lag med myrtorv som var ein meter tjukt. Dammen var ca. 100 meter lang.
Nedre slamdam kom mykje nærare Odde-gardane enn Øvre slamdam, og det blei avrenning av ureina vatn mot Oddebekken. I dag, 70 år etter at gruvedrifta på Flåt stogga, ligg Nedre slamdam som ein tørr furumo i terrenget. Det myrlendte våtmarksområdet under dammen ligg som ei brun sørpe. Når det kjem regn, blir sterkt ureina vatn framleis ført ut til Oddebekken og derfrå vidare til Oddeåna og Otra. Det er funne heile 48 ulike grunnstoff i dette vatnet.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 457-465