Storetjønn
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Storetjønn er eit lite vatn (525 moh.) i naturskjønne omgjevnader langs Nordbygdevegen rett aust for Botsvatn i Bykle. I austre enden av vatnet er det stelt i stand ein fin rasteplass. Her, ved inngongen til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, er det også sett opp informasjonstavler som fortel litt om kva slags aktivitetar som er tilletne i verneområdet og området sin historie.