Strond (Nesland)
Utsjånad

Foto: Folke Nesland/Lokalhistoriewiki/Heimar og folk i Bykle
Strond er ein plass ei knapp halv mil innover Botsvatn på nordsida, i Nordbygdi i Bykle. Staden blei brukt som støyl for Systog Nesland og seinare Viki. Arkeologar har funne ein buplass frå ca 1500 f.Kr. her, dvs. frå yngre steinalder. Han skal vere den eldste kjende buplassen i Bykle.
Vinterstøyling
Bjørgulv O. Nesland (f. 1833, d. 1922) budde på Strond heilt til høyet var brukt opp. Det kunne nokre år vere heilt til månadsskiftet januar/februar. Då var isen på Botsvatn blitt sterk og dei kunne drive dyra heim til Nesland på isen. Ein kjenner ikke til andre enn Bjørgulv i Bykle som har vinterstøyla.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 84 og side 269
- Aanund Olsnes, artikkelen om Nesland frå Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 512