Hopp til innhald

Prestvardheia

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. oktober 2024 kl. 07:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)

Prestvardheia ligg nord-aust for Espelid i Åseral, ved det større Vorefjellet, nær kommunegrensa mot Bygland. Heia er det høgaste punktet på den gamle [Nordmannsvegen]] mellom Bygland og Åseral. Herfrå kan ein sjå heilt ned til Åknes kapell ved [Lognavatn]].

Heia har namn etter ein stor varde nær toppen. Segna seier at ein prest fraus ihjel her, på veg til [Åknes]] for å halde messe.

Kjelder