Kjetil Glidbjørg
Kjetil Glidbjørg (fødd 1897, død 1978) var gardbrukar på Glidbjørgsmoen i Bykle og motstandsmann under andre verdskrigen. Han selde bruket i 1955. Nokre år seinare flytta han inn i ei hytte han hadde bygd på Hovden.
Kjetil dyrka opp Glidbjørgsmoen og bygde husa der i andre halvdel av 1930-talet. Under krigen var han aktivt med i Milorg. Han blei arrestert 13. januar 1943, då tyskerane gjennomførte ein rassia mot Jøssingbu ved Auversvatn. Salmund Jeiskelid og Sjur O. Vatnedalen blei også tekne. Kjetil blei etter kvart send til konsentrasjonsleiren Neuengamme i Tyskland. Han var i fangenskap til frigjeringa i mai 1945.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band V, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 113–116