TINE Meieri Setesdal

Foto: Reidar Tveito
TINE Meieri Setesdal ligg på Byglandsfjord og er Norges minste meieri. Det er eit spesialanlegg med produksjon av rømmegraut, Setesdalssmør, Kviteseidsmør, Brimi-smør, Ryfylkegome og Lindas kryddersmør. Anlegget handsamar 1,3 mill. liter mjølk og har 9,9 årsverk. Meieristyrar er Tor Kåre Helland.
18. januar 2016 kunne meieriet feire at det var 14 år og 5 100 arbeidsdagar sidan det sist var ein skade på arbeidsstokken. Dagen vart feira med besøk av NHO-direktør Siri Mathisen, stortingsrepresentant Ingunn Foss og TINE-direktør Anne Siri Høiland. Sjukefråveret i 2015 var 0,18 prosent. I alle dei tre åra 2013-2015 var det 0.5 prosent eller lågare.[1]
Eksterne lenker
Referansar
<references>
- ↑ Ole Birger Lien, 14 år utan arbeidsskadar på meieriet!, artikkel i Setesdølen nr. 5, 2016, side 8