Setesdal og setesdølar

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mars 2023 kl. 11:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert til 2022)
Hopp til navigering Hopp til søk
Det vakre omslaget til den første utgåva.
Foto: Setesdal Sogelag/Setesdalstrykk

Setesdal og setesdølar er eit årsskrift for Setesdal Sogelag. Årsskriftet kom første gong ut i mars 2015. Redaktør for den første utgåva var Andres Helle.

Setesdal Sogelag vart skipa 10. april 2013Setesdalsmuseet. Laget dekker dei tre kommunane Bygland, Valle og Bykle. Styret i det nye laget bestemte seg våren 2014 for å få til eit årsskrift. Andres Helle vart med i dette arbeidet, som koordinator og redaktør. I eit føreord til den første utgåva skriv han at dette synte seg å vere eit jomfrueleg arbeid, og at det vel ikkje har vore eit liknande prosjekt i Setesdal sidan etableringa av Jol i Setesdal i 1962.

Årsskriftet kjem ut før påske kvart år. Men etter utgjevinga i 2017 trakk Andres Helle seg som redaktør. Det lukkast ikkje det nye styret å finne ein ny redaktør før årsmøtet 8. mars 2018. Det kom difor ikkje ut noko årsskrift før påske 2018. Andres Helle vart kontakta på nytt, med spørsmål om å få til ei bok som det kunne settast 2018 på. Det vart ei biletbok.

Frå 2019 overtok Torgeir Moseid som redaktør for årsskriftet. Den førebels siste utgåva kom ut ved påsketider 2022.

Utgjevingar

Kjelder

  • Setesdal og setesdølar, årsskrift for Setesdal Sogelag, 2015, side 4–5
  • Ikkje sogelagsårsskrift i år, stykke i Setesdølen nr. 16, 2018, side 2
  • Redaktøren har ordet, Andres Helle i årsskriftet for 2018, side 5