Hallvard Eldhuset til minne (TM)
Hallvard Eldhuset til minne
Av Torleiv Moy, 1977
Bodskapen om at Hallvard Eldhuset leid av ein alvorleg sjukdom kom uventa på alle som kjende han. Det var som alle tenkte at ingenting kunne bite på denne staute, sterke setesdølen. Men så hende likevel det ufattelege — han vart reve bort midt i sine manndoms år.
Den 3. desember i fjor haust var livsvegen hans slutt — han vart vel 62 år gamal.
Saknet og tomromet etter han vart nok størst i heimen, i skulen og heimbygda, men Hallvard var ein kjend mann med ein stor venekrins både i og utanfor Setesdal. Alle saman merkar me saknet og tomromet etter han. Hallvard var ein avhalden mann som ingen hadde råd til å misse!
UNGDOM OG UTDANING
Hallvard Eldhuset vart fødd 9. juni 1914. Han voks opp i Åraksbø i ei sterk brytningstid. Han var bondeson og fekk tidleg kjennskap til arbeidet på ein gard. Glad i naturen var han all sin dag, og mykje av denne naturgleda vart lagt ned i han tidlege barne- og ungdomsår frå den tid dei låg på heia, fortalde han sjølv.
Men den evnerike og viljesterke ungguten hadde ei sterk kunnskapstrong — difor ville han ut og lære.
Fyrst gjekk han befalsskulen i Kristiansand og tok deretter examen artium og lærarskulen. Etter lærarskuleeksamen som han tok ved Volda lærarskule i 1941, tok han seg lærarpost på Tjøtta eit års tid. Til Bygland kom han som lærar i 1942.
SKULEMANN
I mange år hadde Hallvard framhaldsskulen i Bygland. Det fyrtse flutte framhaldsskulen frå bygd til bygd, men frå 1950-åra vart Bygland fast skuleplass. Seinare vart Hallvard tilsett som skulesjef — eller skuleinspektør som det heitte — i Bygland.
Hallvard var ein uvanleg dugande pedagog. Det gildaste han visste var når han fekk vera saman med læreviljuge born og ungdomar. Borna lika Hallvard — for samstundes med at det fylgde respekt med han, var han også ven med elevane sine. Hallvard var uvanleg kunnskapsrik og allsidig. Han underviste like meisterleg i soge og matematikk som i engelsk og tysk.
Heile lærarkollegiet hadde stor tillit til Hallvard som skulesjef. Han var eit varmt menneske som ein kunne gå og be om hjelp i vanskelege situasjonar. Han sette høge mål som han arbeidde mot, men han stilte alltid dei strengaste krava til seg sjølv.
JOURNALIST, FORFATTAR OG LYRIKAR
I mange år var Hallvard fast meldar for Fædrelandsvennen. I tillegg skreiv han mykje i aviser og blad. Vel kjende er ei rad avisstykke i Fædrelandsvennen, m.a. «Slitet si soge i Åraksheiane.» Der hadde han m.a. ei skildring av då morbroren Knut kom under høylasset på heia og omkom før han hadde fylt 20 år. Det er ei gripande skildring då dei kom køyrande heim til mora med den omkomne. Han var ein mesiter til å fortelje levande, og ein framifrå stilist. Dessutan kjende han arbeidet på ein gard frå barnsbein av, så han kunne leve seg inn i det han skreiv om.
Andaktane hans i lokalbladet Setesdølen må og nemnast. Heilt frå Setesdølen byrja å kome ut hadde Hallvard ansvaret for desse andaktane. Elles skreiv han mykje i ymse tidsskrift.
Alt arbeid tok Hallvard grundig — det gjaldt også det han skreiv, difor var alt han førde i pennen velforma og godt gjennomtenkt.
Hallvard var lyrikar og oftast var det ei djup religiøs undertone i dikta hans, som t.d. verset av «Den store glede»:
All skapningen sukkar.
Nettene kjem så svarte.
Dagane grånar bort.
Bleikna er strålar bjarte.
Attlæst er himmelport.
Heimen opptok han også mykje i diktinga hans som t.d. «Kvinnehender», der dei 3 første versa lyder:
Dei bar meg det fyrste stykket
i gryande barneår.
Dei løfte meg opp frå sorga
og turka den første tår.
Dei fata den vesle handa
då foten var altfor veik.
Dei lærde meg stiga i verda
og over kvar stengjande kneik.
Dei møtte meg i min ungdom
og sa at ei var meg tru.
Dei bygde med mildskaps ynde
i gjennom mitt liv ei bru.
OVERSKOTSMENNESKE
Hallvard var ikkje berre lærar og skulesjef, men han fekk tid til så mangt. Sundagsskulen i heimbygda si hadde han spesiell omsut for. Så ofte han fekk det til samla han borna for å fortelje om Frelsaren. Når jola nærma seg var han å finne på preikestolen i kyrkjene, der han bar fram den glade bodskapen.
Mållags- og fråhaldsarbeid låg også hjarta hans nær. Han var m.a. med og redigerte Jol i Setesdal, som mållaga i Valle, Bygland og Evje/hornnes gjev ut. Han hegna om nynorsken i skrift og tale og brukte alltid dialekten sin ute og heime.
Hallvard hadde også ei mengd kommunale og private tillitsverv, m.a. var han fleire periodar med i kommunestyret. Arbeide i kommunestyret førdr til at han også vart vald inn i ei mengd nemder. Men det var nok innan skule- og sosial sektoren han la ned det største arbeidet.
EIN HEIMENS MANN
Hallvard Eldhuset hadde sin eigen odelsgard i Åraksbø. Ein fin heim som han var glad i. Han gifte seg med Birgit Åkre frå Valle i 1948 og dei fekk tre gilde søner. Saman med kone og born dreiv han fedregarden på ein framifrå måte. Det var ingenting som gledde Hallvard meir enn når han såg det voks der han pløgde og sådde. Kanskje var det noko av denne gleda såmannen kjenner, som han sette rim i eitt av dikta sine. Eitt av versa lyder slik:
I åkerrike han stig og stiger
så kongetrygg uti maidag still.
Gule elingen syng og siger
frå øvde handi mot moldi mild
Erlor englar rundt der han går,
Far sår!
Hallvard var såmann i meir enn ei tyding. På varm og god måte tok han seg av born og ungdom — både som far og lærar. Dette var livsoppgåva hans. Eg hugsar han var ofte inne på barneoppdraging. Ein må høyre på borna og ta seg tid til å tale med dei, sa han — og dette gjennomførde han i praksis.
Til slutt tykkjer eg det høver å sitere siste veset av diktet hans «Kvinnehender» — der han får fram kva dei som står ein nær og er glad i har å seie til siste andedrag. Siste verset lyder:
Dei stør meg det siste stykket
i grånande alders år.
Dei bur meg til avferdsdagen,
skal turka den siste tår.
Fred over Hallvard Eldhuset sitt minne.
Kjelde
- Torleiv Moy ‘'Hallvard Eldhuset til minne, Jol i Setesdal 1977.