Haukomvatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. april 2020 kl. 08:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om stem)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørenden av Haukomvatnet 16. desember 2017.

Haukomvatnet ligg rett nord-vest for Engesland i Vegusdal heilt nord i Birkenes. Vatnet har eit flatemål på 2,7 kvadratkilometer, og er av dei største i Vegusdal etter Ogge. Om lag 500 meter nord for vatnet ligg garden Austre Haukom. Fylkesveg 291 mellom Engesland og Iveland passerer forbi vatnet på sørsida. Frå Haukomvatnet til Ljosevatnet renn Engelsåna. Ved utfallsosen var det stem for å få fløyta tømmerlast nedover Engelsåna til Ljosevatnet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...