Bygland kyrkjebygd
Bygland kyrkjebygd ligg ved utlaupet av Kvålsåna, på austsida og ved den nordre enden av Byglandsfjorden. Bygda er administrasjonssenteret i Bygland kommune. Her ligg også Bygland kyrkje, Bygland skule, Bygland barnehage, Byglandshallen, KVS Bygland, Bygland museum, Glashytta Setesdal, Byglandsheimen (alders- og sjukeheim), Bygland bibliotek, lensmannskontor, bensinstasjon og butikkar. Matrikkelgardane Åkhus, Bygland og Bygland prestegard ligg sentalt i bygda.
Kyrkjebygda i Bygland er pr. 1. januar 2016 ikkje ein «tettstad» etter definisjonen til Statistisk Sentralbyrå.