Gaukheivatnet

Foto: Reidar Tveito

Foto: Reidar Tveito
Gaukheivatnet er eit vatn på fjellet (840 moh.) midt inne i Bygland vesthei i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Gaukhei turisthytte ligg på nordsida av vatnet. Elva Monn renn gjennom vatnet på si ferd mot Ørevatn i Åseral. Ein kan kome inn til Gaukheivatnet frå alle retningar via løypenettet til DNT Sør. Frå sør frå Ljosland i Åseral, frå vest via Josephsbu, frå aust frå Granheim sør for Langeid via Tjønndalen og frå nord frå Øyuvsbu nær Brokke-Suleskarvegen.
Kjelder
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 26–29