Botsvatn
Utsjånad

Foto: Reidar Tveito
Botsvatn er ein innsjø i Bykle kommune i Aust-Agder. Vatnet er regulert mellom 551 og 491 moh., og er inntaksmagasin for Brokke kraftverk. Frå Botsvatn renn vatnet gjennom ein 31 km lang tunnel til Brokke kraftstasjon i Hylestad i Valle. Ved Botsvatn ligg også Holen kraftverk og Skarg kraftverk.
Den første konsesjonen til regulering av Botsvatn kom i 1912, og gav løyve til å regulere vatnet med 10 meter. Utbyggaren valde å gå ned 8 meter i staden for å demme opp. Då Brokke I skulle byggast ut på byrjinga av 1960-talet, blei Botsvatn senka nye 9 meter. Dammen i austre enden av Botsvatn som regulerer vatnet i dag vart bygd i 1975-1976. 25 gardsbruk og andre plassar vart lagde under vatn.
Kjelder
- Johs. Bjørkeli, Bossvatn i Bykle: Minner om ei tid som var - på bunnen av et kraftmagasin, artikkel i God Helg, Fædrelandsvennens lørdagsmagasin, 25. juli 2015
- Om Brokke kraftverk på nettsida til Agder Energi
- Olav Bø, Setesdal. Frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 154-155