Honorarfond for folkemusikk
Honorarfond for folkemusikk vart oppretta i 2008 på initiativ frå Valle Sparebank, som tok kontakt med Setesdal Spelemannslag. Rådmannen i Valle vart og invitert med, og ein vart samde om å opprette fondet. Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge.
Ordning
Reglane for fondet vart utarbeidd av Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Torleiv K. Løyland frå Setesdal Spelemannslag, og Setesdal Spelemannslag ved Torleiv K. Løyland administrerer ordninga, som er enkel og lite byråkratisk. Styret for fondet er leiar for Kultur og fritid i Valle kommune og banksjefen i Valle Sparebank. Valle, Bygland og Bykle er med i ordninga. For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2500. For tilskipingar med andre utøvarar må arrangøren dekke ein eigendel på 1/3 av totalt honorar, medan fondet dekker resten, avgrensa til 15.000 kr. Foreningar, bedrifter og private personar innanfor dei tre kommunane kan søke tilskot for å få underhaldning av folkemusikarar på konferansar, møte, festar, bryllup, runde dagar eller andre arrangement.
Utøvarane som fell inn under ordninga er: Hallvard T. Bjørgum, Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke, Fjellfolk, Tor Hoslemo, Birgit Anette Helle og Tor Espen Helle, Kjetil Carolis Jore, Knut Kjetilson Jore, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Anne Karin Kaasa, Jamie Lodberg, Kim André Rysstad, Knut Arne Rysstad, Torbjørg Rysstad og Marie Haugå, Daniel Sandén-Warg, Bjørgulv Straume, Gunnar Stubseid.
Kjelde
- Informasjon frå Torleiv K. Løyland i Valle Radio 7. desember 2011