Wenche Gundersen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. august 2017 kl. 15:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med avgang sommer 2017)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenche Gundersen
Født: 11. juni 1955 (70 år)

Wenche Erland Gundersen (fødd 1955 i Kristiansand) var leiar av økonomiavdelinga i Valle kommune frå 1. mars 2000 til sommaren 2017. Ho kom frå stilling som rekneskapssjef i Lillesand kommune, der ho begynte i 1985. Før det hadde ho arbeidd ti år på kemnerkontoret i Kristiansand. Ho bur på Flateland saman med mannen Rolf Gundersen. Dei har ei vaksen dotter. Ho har økonomiutdanning frå Agder Distriktshøgskole. Den tok ho parallelt med jobben.

I fritida likar ho å drive med handarbeid, ho har sydd Setesdalsbunad til både seg og mannen, i tillegg vert det mykje strikking.

Kjelder