Inger Juvastøl: Skilnad mellom versjonar
→Andre verv: lenke |
</onlyinclude> |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Inger Juvastøl.jpg|thumb|Inger Juvastøl]] | [[Fil:Inger Juvastøl.jpg|thumb|Inger Juvastøl]] | ||
'''Inger Juvastøl''' (fødd 7. august 1940 i Finsland) er ein pensjonert lærar som arbeidde det meste av si tid som lærar på [[Byglandsfjord skule]]. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, 20 år etter at ho i 1961 vart uteksaminert som gartner frå Dømmesmoen. Då var ho 41 år og deretter jobba ho 25 år i [[Bygland kommune]], dei første to åra på [[Bygland skule]], resten av tida på Byglandsfjord. Etter at ho vart pensjonist, tok ho i 2009 eit BI-kurs i styrekompetanse som gav 7,5 studiepoeng. Sjølv om ho ikkje har arbeidd som gartnar på mange år, er ho leiar av [[Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes]] og vararepresentant til styret i [[Blomstrende Sørland]]. | <onlyinclude>'''Inger Juvastøl''' (fødd 7. august 1940 i Finsland) er ein pensjonert lærar som arbeidde det meste av si tid som lærar på [[Byglandsfjord skule]]. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, 20 år etter at ho i 1961 vart uteksaminert som gartner frå Dømmesmoen. Då var ho 41 år og deretter jobba ho 25 år i [[Bygland kommune]], dei første to åra på [[Bygland skule]], resten av tida på Byglandsfjord. Etter at ho vart pensjonist, tok ho i 2009 eit BI-kurs i styrekompetanse som gav 7,5 studiepoeng. Sjølv om ho ikkje har </onlyinclude>arbeidd som gartnar på mange år, er ho leiar av [[Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes]] og vararepresentant til styret i [[Blomstrende Sørland]]. | ||
==Familie== | ==Familie== | ||
Versjonen frå 16. februar 2011 kl. 23:54

Inger Juvastøl (fødd 7. august 1940 i Finsland) er ein pensjonert lærar som arbeidde det meste av si tid som lærar på Byglandsfjord skule. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, 20 år etter at ho i 1961 vart uteksaminert som gartner frå Dømmesmoen. Då var ho 41 år og deretter jobba ho 25 år i Bygland kommune, dei første to åra på Bygland skule, resten av tida på Byglandsfjord. Etter at ho vart pensjonist, tok ho i 2009 eit BI-kurs i styrekompetanse som gav 7,5 studiepoeng. Sjølv om ho ikkje har arbeidd som gartnar på mange år, er ho leiar av Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes og vararepresentant til styret i Blomstrende Sørland.
Familie
I 1963 gifta ho seg med Egil Juvastøl. Dei leigde ein gard på Bjorå dei første åra, deretter budde dei på Hornnes i 12 år før dei i 1985 bygde hus i Bakkemoen på Evje. Fram til ho tok lærarutdanning var Inger Juvastøl heime med borna Torgrim, Arnfinn og Arnhild. Etter kvart har ho fått seg sju barnebarn. Om sommaren likar ho å vere på hytta i Søgne, der ho fiskar og fangar krabbar. Ein gong fekk ho til og med ei vinflaske i krabbeteina.[1]
Politisk arbeid
Midt på 1980-talet vart Inger Juvastøl vald inn i barnevernsnemnda i Evje og Hornnes kommune, der ho har budd sjølv om arbeidet hennar var på Byglandsfjord. Ho vart vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre i 1991 og vart leiar av helse- og sosialutvalet. I 1995 vart ho vald inn i Aust-Agder fylkesting, der har ho vore fire periodar, men sa nei til attval til hausten 2011. Frå 1999 til 2003 var ho varamann til Fylkeslandbruksstyret og møtte ganske ofte på møta der. I fylkestingsammanheng har ho hatt ein plass i det interfylkeskommunale utvalet for EU sitt vanndirektiv. Ho er vararepresentant i utvalet for Heieplanen og i ATP-utvalet.
I 1999 tok ho sete i kommunestyret igjen, då som varaordførar. I perioden 2007-2011 har ho vore vararepresentant til kommunestyret. Ho stiller på andreplass på Høgre-lista i Evje og Hornnes til valet i 2011.
Styreverv
Inger Juvastøl har hatt ei rekke styreverv:
- Evje og Hornnes Høyre frå -95 og fram til i dag med ein liten periode som leiar.
- Aust Agder næringsselskap
- Evje Utvikling
- Setesdal Bilruter
- Birkeland Busser
- Setesdal Bilruter Eigedom.
- Setesdal Næringshage
- Setesdal Regionråd
- Valle industribygg
- Åmli Næringshage
Andre verv
- Leiar for Revygruppa 1980-1990
- Med i komiteen for Løvlandjubileet i 2005 med ansvar for Løvlandspelet samman med Aud Helene Austegard
- Med i den lokale komiteen for feiringa av "Sørlandet i hundre".
- Med i Evje Bondekvinnelag i fleire år og hadde vervet som studieleiar der ei tid.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Entusiast fyller 70. Artikkel i Setesdølen nr. 66, 2010 side 8