Lisbeth Ravneberget: Skilnad mellom versjonar
kat + fiks |
Alfabetisk rekkefølge |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
Lisbeth var aktiv fotballspelar heilt fram til 2009 i Mysen IF Fotball. Ho døydde av kreft hausten 2010 og blei gravlagd frå [[:no:Mysen kirke|Mysen kyrkje]] fredag [[12. november 2010]]. | Lisbeth var aktiv fotballspelar heilt fram til 2009 i Mysen IF Fotball. Ho døydde av kreft hausten 2010 og blei gravlagd frå [[:no:Mysen kirke|Mysen kyrkje]] fredag [[12. november 2010]]. | ||
== | ==Utmerkingar== | ||
*Noregsmeister i fotball for kvinner i 1992 med Setskog/Høland | *Noregsmeister i fotball for kvinner i 1992 med Setskog/Høland | ||
{{DEFAULTSORT:Ravneberget, Lisbeth Palm}} | |||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Otra IL]] | [[Kategori:Otra IL]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1963]] | [[Kategori:Fødsler i 1963]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 2010]] | [[Kategori:Dødsfall i 2010]] | ||
Versjonen frå 28. august 2014 kl. 15:26
Lisbeth Palm Ravneberget (fødd 1963 på Evje, død 2010 på Mysen) var fengselsbetjent og fotballspelar. Ho var fødd i 1963 på Evje. Ho var gift med Runar Palm. Foreldra var Greta Ravneberget og Odd Ravneberget. Ho hadde tre eldre sysken; John-Ole Ravneberget, Odd-Gullik Ravneberget og Solveig Ravneberget (Tulla). Familien flytta til Evje i samband med at faren Odd arbeidde i Forsvaret og fekk stilling på Evjemoen. Odd vart òg den aller fyrste formannen i Otra IL, då klubben blei stifta i 1960.
Lisbeth vart tidleg ei svært allsidig idrettsjente. Ho var aktiv i fleire av gruppene i Otra, men kanskje fyrst og framst i handballgruppa og fotballgruppa. Sist på 1970-talet var ho ein entusiastisk pådrivar for å få til eit damelag i fotball i Otra, og ho var den dominerande spelaren på dette laget i fleire år. Våren 1981 blei ho saman med ei anna jente frå Agder teken ut til å vere med på landslagssamling i Oslo for kvinnelege fotballspelarar.
På byrjinga av 1980-talet flytta ho frå bygda for å utvikle seg vidare som fotballspelar. Det klarte ho til gagns, for ho vart ein av dei beste og mest trufaste fotballspelarane i norsk kvinnefotball. Ho spelte først i Vennesla-klubben Vindbjart (frå 1981). Frå 1982 var ho i Kristiansands-klubben Radar, og debuterte då i 1. divisjon. Hausten 1983 melde ho overgang til toppklubben Setskog, som hadde vunne 1. divisjon sesongen føre. Ho blei verande i denne klubben i mange år, og spelte fleire hundre kampar i 1. divisjon. Høgdepunktet kom nok i 1992, då Lisbeth var med på laget til Setskog/Høland (som klubben no heitte) som vann cupfinalen - Noregsmeisterskapen - det året.
Lisbeth var aktiv fotballspelar heilt fram til 2009 i Mysen IF Fotball. Ho døydde av kreft hausten 2010 og blei gravlagd frå Mysen kyrkje fredag 12. november 2010.
Utmerkingar
- Noregsmeister i fotball for kvinner i 1992 med Setskog/Høland