Hopp til innhald

Jostein Berget: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Utfyllande opplysningar om Berget
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
kat
Line 10: Line 10:


{{DEFAULTSORT:Berget, Jostein}}
{{DEFAULTSORT:Berget, Jostein}}
[[Kategori:Offiserer]]
[[Kategori:Ordførere i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Otra IL]]
[[Kategori:Otra IL]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Dødsfall i 2001]]
[[Kategori:Dødsfall i 2001]]

Versjonen frå 3. august 2014 kl. 09:30

Jostein Berget var ein berebjelke i den lokale idrettsrørsla på 1960- og 1970-talet. Seinare blei han òg ordførar i Evje og Hornnes kommune. Foto: Setesdølen

Jostein Berget var offiser i Forsvaret og kom til Evje og Evjemoen militærleir i 1956 saman med kona [[Ellinor Berget]. Han var lokalpolitikar (Arbeiderpartiet) og ordførar i Evje og Hornnes kommune frå 1984 til 1989.

Berget var også ei stor drivkraft i det lokale idrettslivet gjennom ei årrekkje. Han var leiar i Otra IL 1961-1964. Han var leiar i handballgruppa 1960-1962, 1967 og 1970 og den første leiaren i skigruppa 1960-1961. I tillegg til å vere ei administrativ kraft, fungerte han som instruktør og trenar i fleire idrettar. Berget blei utnemd til æresmedlem i Otra IL i 1985.

Berget var ein svært sentral mann i arbeidet på 1960- og 1970-talet med å få bygd nytt idrettsanlegg i Evje. Han var leiar av Evje og Hornnes kommunale ungdoms- og idrettsnemd (KUI) på 1960-talet, og leiar i den kommunale ”Idrettsplasskomitéen” som la fram fleire innstillingar om nytt idrettsanlegg. Byggjinga av Evje stadion vart påbegynt i 1970, og stadionanlegget blei offisielt opna saman med det nye Idrettsbygget i 1974. Berget var leiar i byggjekomitéen for Idrettsbygget.

Jostein Berget døydde i 2001.