Åkre: Skilnad mellom versjonar
s →Historie: meir rydding i referanser |
→Heimar og bruk: føyd til noen bruk |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
== Heimar og bruk == | == Heimar og bruk == | ||
*[[Nordigard Åkre]] | *[[Nordigard Åkre]] | ||
*[[Søribakken (Åkre)|Søribakken]] | |||
*[[Nordibakken (Åkre)|Nordibakken]] | |||
*[[Sygard Åkre]] | |||
*[[Systog Åkre]] | |||
*[[Nygarden (Åkre)|Nygarden]] | |||
== Litteratur == | == Litteratur == | ||
Versjonen frå 7. januar 2024 kl. 14:42

Åkre er ein gard (gnr. 46) i Valle kyrkjebygd (Vaddebø). I vest er Otra grannen. I sør og sør-aust grenser garden mot Harstad og Brottveit. I nord ligg Rike.
Skulesenteret i Valle ligg på Åkresneset, på Åkre sin grunn. Her er det grunnskule, vidaregåande skule med internat, samfunnshus, idrettsanlegg og idrettshall.[1]
Historie
Garden er mykje gamal, mellom dei eldste i bygda.[2]
Jorda ut mot Otra er flate. Garden har gjennom tidene vore utsett for flaum. Først etter reguleringane av Otra i 1960-åra blei garden for alvor fri for flaumfaren. Den siste storflaumen var i 1933. Vatnet skal då ha gått heilt oppetter husveggane på Åkre.[3]
Bruka på Åkre hadde kvernhusa sine i bekken Gryte på nabogarden Harstad. I Stavedalen låg heimestøylane Grjotstøyl, Nyestøyl, Rjodet og Sygardsstøylen. Men lengste tida, omlag seks veker frå jonsok, var ein på Fitstøyl i Finndalen. Her var det også mange slåtter.[4] Fitstøyl blei neddemd på byrjinga av 1960-talet.
Heimar og bruk
Litteratur
- Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 81–143
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune 1987, side 142
- ↑ Valle kommune IV, side 83
- ↑ Valle kommune IV, side 81
- ↑ Valle kommune IV, side 91-92