Haslebakken (Ose): Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s →Kart |
s Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Haslebakken Ose 260723 (2)-2.jpg|mini|høgre|Ose-Haslebakken [[26. juli 2023]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Haslebakken''' er ein husmannsplass mellom [[Frøysnes]] og [[Støylehommneset]], ved gardsgrensa mellom Frøysnes og [[Ose]], om lag 100 meter opp i lia for [[Riksveg 9]]. Bak reiser [[Skjoldmøynuten]] seg bratt opp. Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i [[Bygland]]. | '''Haslebakken''' er ein husmannsplass mellom [[Frøysnes]] og [[Støylehommneset]], ved gardsgrensa mellom Frøysnes og [[Ose]], om lag 100 meter opp i lia for [[Riksveg 9]]. Bak reiser [[Skjoldmøynuten]] seg bratt opp. Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i [[Bygland]]. | ||
Versjonen frå 28. juli 2023 kl. 09:30

Foto: Geir Daasvatn
Haslebakken er ein husmannsplass mellom Frøysnes og Støylehommneset, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland.
Haslebakken låg under Ose bnr. 1, og må ikkje forvekslast med Frøysnes-Haslebakken, som var heilt nede ved fjorden men på Frøysnes sin grunn.
Historie
Rydningsmannen var truleg Guttorm Olavson Gakkestad (f. ca. 1716, d. 1763). Han fekk husmannssetel på plassen i 1751, men kan ha vore her ei tid før dette. Han flytta frå staden etter kort tid, rundt 1753. Dei siste som levde i Haslebakken var den kjende spelemannen Tallak Haslebakken og kona Margit.