Lindland Maskin: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
KOrt om arbeid på Rv-9 i 2022
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 17: Line 17:


[[Kategori:Entreprenører]]
[[Kategori:Entreprenører]]
[[Kategori:Etableringer i 1992]
[[Kategori:Etableringer i 1992]]

Versjonen frå 12. september 2022 kl. 06:08

Ein av bilane til Lindland Maskin AS

Lindland Maskin AS er eit entreprenørselskap som vart etablert i 1992. Det er ei vidareføring av eit selskap som Jan Arvid Lindland starta i 1972. I 2011 fusjonerte firmaet med Agder Maskinentreprenør AS i Lund i Rogaland etter at firmaet i 2010 overtok alle aksjene i firmaet, som det til då hadde hatt 50% av aksjene i. Fusjonen ga selskapet åtte nye tilsette, slik at Lindland Maskin frå 2011 har mellom 70 og 75 tilsette. Selskapet har ein maskinpark på rundt 30 gravemaskinar, nokre lastebilar, servicebilar, boreriggar og knuseverk. I 2008 var omsetninga om lag 200 millionar kroner.

Lindland Maskin har og kjøpt seg inn med 50% i maskinentreprenøren Tveit og Tjomlid AS på Oftedal i Sirdal. Med to slike oppkjøp får selskapet og ein marknad vestover mot Rogaland.

I Setesdal har Lindland Maskin hatt arbeidet med vegnanlegget Tveit-KrokåRiksveg 9 frå 2009, og dei fekk og arbeidet med parsellen Krokå-Langeid. I september 2022 byrja selskapet jobben med ei større utbetring av Rv-9 ved Storstraumen i Bygland.

Dagleg leiar i selskapet er Sigve Lindland.

Kjelder

Eksterne lenker