Veringsdalen: Skilnad mellom versjonar
Litt om den gamle ridevegen |
s Rettet skrivefeil |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
*''Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk'', dagsett 25. februar 2015 | *''Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk'', dagsett 25. februar 2015 | ||
*[[Knut Gjerden]], ''[https://www.nb.no/items/5d6354a52f3e8025ca78559eef78fe63?page=465&searchText=bykle Bykle kultursoge]'', side 445 | *[[Knut Gjerden]], ''[https://www.nb.no/items/5d6354a52f3e8025ca78559eef78fe63?page=465&searchText=bykle Bykle kultursoge]'', side 445 | ||
*[[Torfinn Normann Hageland]], ''Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei'', artikkel i ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'', [[ | *[[Torfinn Normann Hageland]], ''Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei'', artikkel i ''[[Vandringer i Setesdal Vesthei]]'', [[Friluftsforlaget]], 2008, side 252–255 | ||
== Kart == | == Kart == | ||
Versjonen frå 9. februar 2022 kl. 11:45
Veringsdalen er eit dalføre på sørsida av Skyvatn, i området rundt Øvre Veringsvatn og Veringsvatnet, nord-vest for Breive i Bykle. Sør for dalen stig Veringsnuten opp. Dalføret ligg innanfor Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.
Ein gamal ferdaveg (rideveg) vestover for byklarane gjekk frå Breive, gjennom Veringsdalen, over Meien, forbi Bleskestadmoen til Roaldkvam og vidare til Hylen i Suldal. Breive-folk brukte denne vegen når dei var på handletur til Suldal. Der kjøpte dei korn, mjøl, salt og andre handelsvarer. Men det er høgt og vêrhardt å gå over Meien vest for Veringsdalen. Over 20 menneske skal ha mista livet på denne strekninga på 1700- og 1800-talet. Folk frå Breive skal ha gått handelsturar over Meien heilt til 1890-åra. Seinare blei det opna turiststasjon i Breive, og bygt turisthytte på Bleskestadmoen. Då blei ridevegen over Meien merka som turistløype.
Kjelder
- Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk, dagsett 25. februar 2015
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, side 445
- Torfinn Normann Hageland, Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei, artikkel i Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 252–255