Fylkesveg 3782: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Oppdatert vegnummer etter fylkessammenslåing
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Rettet skrivefeil
Line 8: Line 8:
==Kjelder==
==Kjelder==
[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, 1990, side 264–265
[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band I, 1990, side 264–265
*[https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=11&lat=6518879.82&lon=87548.49 Norgeskart.no
*[https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=11&lat=6518879.82&lon=87548.49 Norgeskart.no]


==Kart==
==Kart==

Versjonen frå 20. januar 2022 kl. 13:01

Fylkesvegen går gjennom gamalt kulturlandskap i Tveit i Flatebygd.

Fylkesveg 3782 – Gautestadvegen (tidlegare Fylkesveg 306) er eit 15 km langt vegstykke i Evje og Hornnes kommune. Vegen går frå krysset ved Riksvei 9 ved Evje kyrkje forbi Flatebygd til Gautestad som ligg på heia rett aust for Høvringsvatnet.

Det var ein gamal veg mellom Evje kyrkje og Flatebygd. Han var knapt køyrande med hest. I 1883 stod det ferdig ein ny veg frå Odde til Austerhus i Flatebygd. Veg frå Evje kyrkje til Odde bru blei bygd ferdig i 1890. Same året kom det veg frå Austerhus til Åvesland. I 1899 vart vegen forlenga til Høvringsvatnet. I 1913 låg vegstykket fram til Lauvås ferdig. Og så – endeleg – i 1930 låg det køyreveg heilt fram til Gautestad. Alle desse vegstykka var grusvegar.

Talet på hytter langs vegstrekninga auka sterkt på 1960- og 1970-talet, og med det slitasjen på vegen. Det kom då fast dekke på vegstykket frå Evje kyrkje til Flatebygd. Seinare har heile vegstykket fram til Gautestad fått fast dekke.

Kjelder

Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, side 264–265

Kart

Laster kart ...