Hallvard Eldhuset: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
Volda lærarskule |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
'''Hallvard Eldhuset''' (fødd [[9. juni 1914]] i [[Åraksbø]], død [[3. desember 1976]]) var lærar og skuleinspektør (seinare skulesjef) i [[Bygland kommune]]. Han vaks opp på garden [[Eldhuset]] (bnr 5) i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han heimegarden i Åraksbø saman med kona [[Birgit Eldhuset|Birgit ]] som var dotter til Birgit og [[Ånund B. Åkre]] i Valle. Tipp oldefar til Ånunds kone Birgit var Eidsvollsmannen [[Olav Knutsson Tveiten]] . Halvtanta til Hallvard var Birgit Halvorsdotter Eldhuset (1867) og var gift med [[Bjørgulv Myhola]] . Hallvard og Birgit hadde tre gutar som vaks opp på garden. [[Ånund Eldhuset|Ånund]] (1953) overtok garden og var ein dyktig skilaupar som vann dei fire første renna i [[Sesilåmi]]. [[Torgrim Eldhuset|Torgrim]] (1951) blei sivilingeniør i sterkstraum ved NTH og [[Knut Eldhuset (1958)|Knut]] (1958) studerte realfag i Oslo og blei forskar. [[Første traktoren i Åraksbø]] blei kjøpt av Hallvard i 1956. | '''Hallvard Eldhuset''' (fødd [[9. juni 1914]] i [[Åraksbø]], død [[3. desember 1976]]) var lærar og skuleinspektør (seinare skulesjef) i [[Bygland kommune]]. Han vaks opp på garden [[Eldhuset]] (bnr 5) i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han heimegarden i Åraksbø saman med kona [[Birgit Eldhuset|Birgit ]] som var dotter til Birgit og [[Ånund B. Åkre]] i Valle. Tipp oldefar til Ånunds kone Birgit var Eidsvollsmannen [[Olav Knutsson Tveiten]] . Halvtanta til Hallvard var Birgit Halvorsdotter Eldhuset (1867) og var gift med [[Bjørgulv Myhola]] . Hallvard og Birgit hadde tre gutar som vaks opp på garden. [[Ånund Eldhuset|Ånund]] (1953) overtok garden og var ein dyktig skilaupar som vann dei fire første renna i [[Sesilåmi]]. [[Torgrim Eldhuset|Torgrim]] (1951) blei sivilingeniør i sterkstraum ved NTH og [[Knut Eldhuset (1958)|Knut]] (1958) studerte realfag i Oslo og blei forskar. [[Første traktoren i Åraksbø]] blei kjøpt av Hallvard i 1956. | ||
Han gjekk befalsskulen i [[Kristiansand]], der han var ferdig i 1937 med hovudkarakter sers godt. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen | Han gjekk befalsskulen i [[Kristiansand]], der han var ferdig i 1937 med hovudkarakter sers godt. Deretter tok han examen artium. Så vart det [[Volda lærarskule]] der han tok lærarskuleeksamen i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i [[Bygland kommune]], dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på [[Bygland]]. I åra 1947-1951 var han lærar ved [[Evje framhaldsskule]]. Etter kvart vart han skuleinspektør i Bygland kommune. [[Olav Arne Kleveland]], som var eleven til Eldhuset medan han var lærar på framhaldsskulen i Evje, har skrive at han var ein av dei mest dugande, mest energiske og mest ansvarsfulle lærarane han hadde hatt. Kleveland meiner Eldhuset må gå inn i skulesoga for [[Setesdal]] som ein av dei absolutt beste pedagogane dalen har ått. | ||
I mange år var han meldar i ''[[Fædrelandsvennen]]'' frå Bygland kommune og skreiv fleire artiklar om slitet si soga i Åraksbøheiane i same avis. Seinare skreiv han andaktane i ''[[Setesdølen]]'' då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i. | I mange år var han meldar i ''[[Fædrelandsvennen]]'' frå Bygland kommune og skreiv fleire artiklar om slitet si soga i Åraksbøheiane i same avis. Seinare skreiv han andaktane i ''[[Setesdølen]]'' då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i. | ||
Versjonen frå 13. juni 2020 kl. 23:46
| Hallvard Eldhuset | ||
|---|---|---|
| Hallvard Eldhuset 50 år | ||
| Født: | 9. juni 1914 | |
| Død: | 3. desember 1976 (62 år) | |

Hallvard Eldhuset (fødd 9. juni 1914 i Åraksbø, død 3. desember 1976) var lærar og skuleinspektør (seinare skulesjef) i Bygland kommune. Han vaks opp på garden Eldhuset (bnr 5) i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han heimegarden i Åraksbø saman med kona Birgit som var dotter til Birgit og Ånund B. Åkre i Valle. Tipp oldefar til Ånunds kone Birgit var Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten . Halvtanta til Hallvard var Birgit Halvorsdotter Eldhuset (1867) og var gift med Bjørgulv Myhola . Hallvard og Birgit hadde tre gutar som vaks opp på garden. Ånund (1953) overtok garden og var ein dyktig skilaupar som vann dei fire første renna i Sesilåmi. Torgrim (1951) blei sivilingeniør i sterkstraum ved NTH og Knut (1958) studerte realfag i Oslo og blei forskar. Første traktoren i Åraksbø blei kjøpt av Hallvard i 1956.
Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937 med hovudkarakter sers godt. Deretter tok han examen artium. Så vart det Volda lærarskule der han tok lærarskuleeksamen i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i Bygland kommune, dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på Bygland. I åra 1947-1951 var han lærar ved Evje framhaldsskule. Etter kvart vart han skuleinspektør i Bygland kommune. Olav Arne Kleveland, som var eleven til Eldhuset medan han var lærar på framhaldsskulen i Evje, har skrive at han var ein av dei mest dugande, mest energiske og mest ansvarsfulle lærarane han hadde hatt. Kleveland meiner Eldhuset må gå inn i skulesoga for Setesdal som ein av dei absolutt beste pedagogane dalen har ått.
I mange år var han meldar i Fædrelandsvennen frå Bygland kommune og skreiv fleire artiklar om slitet si soga i Åraksbøheiane i same avis. Seinare skreiv han andaktane i Setesdølen då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i.
I fleire periodar var han medlem av kommunestyret i Bygland, og i 1969 stod han på 3. plass på lista til Stortingsvalet for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder. Som medlem av kommunestyret var han og med i ei rekke nemnder og utval i kommunen.
Hallvard Eldhuset skreiv og i Jol i Setesdal og laga prologar og dikt til ulike samanhengar. Setesdalsforlaget gav i 2010 ut ei bok med dikt i utval ved Ånund K. Homme.
Bibliografi:
- Djupt gjennom berg det hjalar. Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-82-92441-72-5
- Ein arbeidsmann og ein fjellmann. Artikkel Fædrelandsvennen, 1946
- Då ungguten Knut omkom under høykøyring på heia. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Han døydde under Steinen. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Då Kjetil Borgi sat fast som fugl i snare. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Mannen som fall på slåtteteigen ved Austre Grunnevatn. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Ei overnatting ved Hovatn. Artikkel Fædrelandsvennen, 1971
- Guten som såg 2 mødre døy. Artikkel Fædrelandsvennen, 1972
- Tankar i fotspora hans bestefar. Artikkel Jol i Setesdal 1971, s 17-18
- I Åraksbø er det mang ei vinne. Artikkel Jol i Setesdal 1976, s 5-7
- PRÅMEN-163 år etter. Artikkel Jol i Setesdal 1973, s 31-32
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, «Eit år på framhaldsskulen», artikkel i Jol i Setesdal 2006, s 28-30
- Delvis basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)