Til deg min heimlegt alltid stend: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
Til deg min heimlegt alltid stend
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
sangark
Line 32: Line 32:


==Kjelde==
==Kjelde==
 
*Sangark frå [[Hylestad skule]].


[[Kategori:Bygdesanger]]
[[Kategori:Bygdesanger]]

Versjonen frå 27. november 2012 kl. 00:59

Til deg min heimlegt alltid stend er ein bydesong til Hylestad av Gunnar T. Hovet, også kalla Gunnar Skagemo Hovet. Den går på melodien Min gode fagre barneheim og har i følge Kari Bjørgum vore nytta noko, særleg 17. mai på Nomeland bedehus.

Til deg min heimlegt alltid stend,
du fagre Hylestad.
Du sviv i tanken der eg gjeng,
i draumar og i kvad
Du ligg som sveipt imillom fjell
og fagre liedrag
der elvi stilnar som til kveld
frå foss og ville brak.
Frå dalen mot det høge blå
der ris dei bratte fjell.
Kvar ser du venar' syn som var
ved solarglad og kveld?
Me kjenner kvar ein stig og sein
med trøytte fotefar
der kjære minne etter dei
i tanken speglar av
Her sleit dei gamle livet ut
i strev og tronge kår,
og sutlaus vanka eg og du
dei glade barneår
Lat aldri minni falme av
i denne fagre grend
om dei som kviler i si grav
til livsens morgon renn

Kjelde