Nordtveiti (Bykle gnr 11 bnr 2): Skilnad mellom versjonar
s Kart |
s →Kjelder: rettet skrivefeil |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Nordtveiti_(Bykle_gnr_11/2) Artikkelen om Nordtveiti på | *[https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Nordtveiti_(Bykle_gnr_11/2) Artikkelen om Nordtveiti på Lokalhistoriewiki], basert på artikkel i ''[[Heimar og folk i Bykle]]'' av [[Aanund Olsnes]] | ||
*[https://seeiendom.kartverket.no/eiendom/0941/11/2/0/0 Elektronisk grunnbok hos Kartverket] | *[https://seeiendom.kartverket.no/eiendom/0941/11/2/0/0 Elektronisk grunnbok hos Kartverket] | ||
Versjonen frå 28. desember 2019 kl. 08:18

Nordtveiti er eit gardsbruk (gnr. 11 bnr. 2) i garden Tveiti i Nordbygdi i Bykle. Bruket omfattar i alt fire teigar med eit samla areal på 3478 mål. I tillegg kjem ein part bruket har i det store fjellområdet som ligg i sameige mellom Tveiti- og Neslandgardane. Det er ikkje fast busetnad på bruket i dag.
Historie
I øydetida etter Svartedauden var det truleg bare eitt bruk i Tveiti. Rundt 1645 blei Nordtveiti skild frå hovudbølet. Den opphavelege garden fekk då namnet Heimtveiti, og bruket lenger vest blei Nordtveiti etter talemåten i Bykle.
Då oppdemminga av Botsvatn nærma seg, måtte Nordtveiti fråflyttast. Det skjedde i 1969. Dei siste som dreiv garden var Ånund T. Tveiten (f. 1918, d. 2001) og Margit K. Tveiten (f. Nesland, 1925). I dag er Nordtveiti eit sameige mellom fire av borna deira.
Kjelder
- Artikkelen om Nordtveiti på Lokalhistoriewiki, basert på artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes
- Elektronisk grunnbok hos Kartverket