Nordstog Dalen (Bykle gnr. 6 bnr. 1): Skilnad mellom versjonar
→Historie: litt mer om reguleringa |
|||
| Line 4: | Line 4: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Ein reknar med at bnr. 1 var det opphavelege hovudbølet i Vatnedalen, med bruksnamnet ''Der Sø'' frå rundt år 1700. På den tida, lenge før [[Vatndalsvatnet]] blei demd opp, låg busetnaden i Vatnedalen innover mot vestre enden av vatnet. | Ein reknar med at bnr. 1 var det opphavelege hovudbølet i Vatnedalen, med bruksnamnet ''Der Sø'' frå rundt år 1700. På den tida, lenge før [[Vatndalsvatnet]] blei demd opp, låg busetnaden i Vatnedalen innover mot vestre enden av vatnet. | ||
I 1912 gav Stortinget konsesjon til [[Otteraaens Brugseierforening]] for regulering av Vatnedalsvatnet. Vatnet skulle hevast 6 m og senkast 2,5 m i forhold til opphaveleg vasstand. I 1916 kom arbeidet med dambygginga igang. Heile reguleringa var ferdig i 1921. Då var det bygd dam, og også grave kanal i Vatnedalsosen. Husa kom til å verta ståande på tørt land etter oppdemminga. Men det var att så lite dyrka jord at grunnlaget for gardsdrift var borte. I tillegg ville reguleringa øydelegge den viktige isvegen om vinteren. Det var derfor ikkje anna å gjere enn å flytte. | |||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 2. februar 2019 kl. 23:19

Nordstog Dalen er eit gardsbruk (gnr. 6 bnr. 1) i Skarketjønndalen, på garden Vatnedalen sin grunn, i Bykle. Bruket ligg ved Løyningsvegen, ikkje så langt nedanfor den minste (den nordlegaste) av dei to svære steinfyllingsdammane i Vatnedalen.
Historie
Ein reknar med at bnr. 1 var det opphavelege hovudbølet i Vatnedalen, med bruksnamnet Der Sø frå rundt år 1700. På den tida, lenge før Vatndalsvatnet blei demd opp, låg busetnaden i Vatnedalen innover mot vestre enden av vatnet.
I 1912 gav Stortinget konsesjon til Otteraaens Brugseierforening for regulering av Vatnedalsvatnet. Vatnet skulle hevast 6 m og senkast 2,5 m i forhold til opphaveleg vasstand. I 1916 kom arbeidet med dambygginga igang. Heile reguleringa var ferdig i 1921. Då var det bygd dam, og også grave kanal i Vatnedalsosen. Husa kom til å verta ståande på tørt land etter oppdemminga. Men det var att så lite dyrka jord at grunnlaget for gardsdrift var borte. I tillegg ville reguleringa øydelegge den viktige isvegen om vinteren. Det var derfor ikkje anna å gjere enn å flytte.