Onsdagsprogram Valle Radio 20110406: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
telefonvakter |
sInkje endringssamandrag |
||
| Line 26: | Line 26: | ||
*[http://valleradio.blogs.no/2011/04/06/triveleg-onsdagskveld-10963494/ ''Triveleg onsdagskveld''. Les om programmet på Valle Radio sin blogg] | *[http://valleradio.blogs.no/2011/04/06/triveleg-onsdagskveld-10963494/ ''Triveleg onsdagskveld''. Les om programmet på Valle Radio sin blogg] | ||
[[Kategori:Valle Radio 2011]] | [[Kategori:Valle Radio våren 2011]] | ||
Versjonen frå 25. november 2018 kl. 14:20
Onsdagsprogram Valle Radio 20110406 syner programmet i Valle Radio 6. april 2011. Ansvarleg for sendinga var Øyvind Jacob, teknikar var Liv Gunn Viki. Telefonvakter var Gudrun Nomeland og Ingebjørg Ellinor Rysstad.
Program
18.00 Aktuell time
- Øyvind snakka med Torunn Charlotte Nyberg Lund om Valle Naturkjøt. Dei har slakta første dyret. Kjøtet vart fordelt på aksjeeigarane, som fekk 45 kg kvar å selje vidare eller bruke sjølv.
- Neste gjest var Fredrik Korsvik, som har vore lensmannsbetjent i Valle sidan 1. mars 2010. Han er kjent i Valle ettersom familien har hytte ved Bjørnevatn. På lensmannskontoret kan ein også prate om eventuelt å søke Politihøgskolen og få omvisning om ein vurderer å ta slik utdanning. «Politiet Setesdal» er ei Facebook-gruppe der ein og kan ta kontakt.
Tankar frå Bibelen
- Håvard Viki hadde andakten i kveld.
Kommunen informerer
- Torleif Homme orienterte om aktuelle prosjekt.
- For tida arbeider kommunen mykje med planar om framtidige prosjekt. Nå står siste trinn av ombygginga av Valle skule for døra. Det gjeld barneskuleavdelinga. Til planlegginga er det etablert ei administrativ gruppe med folk frå administrasjonen og Valle skule. Eit firma frå Seljord skal vere med i planfasen, der ein skal få ei skisse og eit kostnadsoverslag.
- Ein arbeider og med planforslag for Valle sentrum. Det er tale om ein områdeplan. Dei næringsdrivande i sentrum har og gjort eit planarbeid i høve til butikkane, særleg daglegvarebutikkane. I samband med dette vil ein sjå om ein kan knytte aktivitet nærare til Riksveg 9.
- Sluttføring av planlegging av Brokke-Suleskarvegen frå krysset med Riksveg 9 til Jarnsverk. Frå Riksveg 9 opp til Holtesvingen har kommunestyret sagt at det skal lagast gang- og sykkelveg på nordsida av vegen med fysisk skilje mellom veg og sykkelveg i form av autovern. Det er og planar om å få ei rundkjøring i krysset ved Hylestad barnehage.
Øyvinds time med gjester
- Grete Fossen snakka om kosthold og å vere avhengige av sukker i form av kveitemjøl og sukker. Hjernen vert trigga av sukker. Sukkeravhengighet treng ikkje gje fedme. Dei som er sukkeravhengige, har ein sjukdom, les meir på ekstern lenke om SEMSA. Sukkeret vert erstatta av feitt i form av smør, fløte og olje. Når sukkeret vert teke bort, får maten meir smak. Av protein treng ein litt fisk og litt kjøt, men ein treng ikkje så mykje.
- Den andre gjesten denne kvelden var Tina Høgevold. Ho driv Bleieboden, som no har fem tilsette. Pr. i dag er dei tre, ettersom ei av dei tilsette har morspermisjon og ei anna må jobbe ferdig oppseiingstida før ho kan starte på Bergtun. Dei driv med mykje anna enn det namnet indikerer, og frå 9. april 2011 vil dei drive eit spiseri der ein kan kjøpe smårettar på dagtid. Kristine Bjørgum Forde er kokken på Bergtun, ho jobbar i 80 prosent.
Opi sending
Denne kvelden var det Ronny Stavsholt og Kåre Rike som hadde programmet.